Eg har prøvd å unnggå å legge att "feller" ette meg. Snublerøter og stikkepinnar er søkt fjerna. Skulle du likevel ramle øve ei, skriv ned kor du traff på ho i boka i treet. Ta gjerne med GPS koordinaten viss du har tilgong på det (for eksempel luftambulanse-appen).
GPS-tips: Bruk Hjelp 113-appen for å finne dine GPS-koordinater, for eksempel 64.12345° N, 21.98765° Ø. Noter dem i boka i treet eller del med nødetatene om nødvendig.
Er det farleg å gå på sia? Det er eit par hammarar ein bør passe seg for. Det er ikkje lov å springe eller leike vilt på sia av fjellet. Når ein bevegar seg i bratt terreng skal ein halde avstand til kvarandre for å unngå å skompe borti kvarandre.
Formålet med å rydde var å få utsikten tebake og få tilgong på eit triveleg bærplukkemiljø nær toppen, slik at ein kan fylle på litt når ein har nådd toppen :) Kanskje er lyngen for gammal. Det er mykje bærlyng men lite bær. Kanskje vil det slå til neste år no når lysforhalda er betre.
Det er ein fin plass å utforske og herje litt (ikkje på sia). Trena er for det meste kvista men nokre tre og kuriositeter er spart for at det skal vere noko å oppdage og ikkje minst klatre i. Mange tre har nokre "knattar" att men dei fleste er strigla slik at ein ikkje skal hekte eller støte i når ein bevegar seg i terrenget.
Dei fleste spraker er fjerna, nokre prydspraker har eg latt stå att, igjen for at det skal vere noko å oppdage, variasjon.
Området vil vekse att på nokre tiår om det ikkje vert luka. Ser du ein sprakespire når du plukkar bær i området, dra den opp! Området har ein del smakeleg gras og kunne blitt ein beitefavoritt for menneskevande dyr. Hjorten unngår området.
Furutre er for det meste kvista slik at ein ska kunne gå under dei. Låge greiner på tre som er spart er blitt kvista på undersia slik at ein ikkje ska stange oppi knatt.
Det er bruke sprakesoks, som er ei stor